← BuscayCurra

ID 2490 Sjukepleiarar - Tenester til heimebuande

STORD KOMMUNE HEIMEBASERTE TENESTER OMRÅDE SENTRUM

Noruega📅 16/10/2026

Descripción

Vil du vere med og forme framtida for heimebaserte tenester? Er du sjukepleiar og klar for nye utfordringar i eit fagleg sterkt og framtidsretta miljø? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt! Hos oss får du ein meiningsfull jobb i eit fagleg sterkt og støttande miljø, der du får brukt kompetansen din til det fulle og vere med på å utvikle framtidas tenester til heimebuande. Me er ei eining i utvikling og jobbar aktivt for å møte framtida med ny organisering, ansvar- og oppgåvedeling. For å styrkje fagmiljøet har me samla alle sjukepleiarane våre i eit eige Sjukepleiar- og meistringsteam, der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står i sentrum. Me har ledig 5 x 100 % stillingar for autoriserte sjukepleiarar i vårt Sjukepleiar- og meistringsteam Arbeidstidsordningar Me tilbyr arbeidstidsordning etter avtale. Alternativa er: Alternativ 1 • Langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg i årsturnus Alternativ 2 • Turnus dag og kveld med arbeid kvar 3. helg i årsturnus Kvifor velge oss? Hos oss får du: Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø Tett samarbeid med dyktige kollegaer Moglegheit til å påverke eigen turnus God opplæring og eigen fadder som følgjer deg opp Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell Målet vårt er at innbyggjarane skal kunne bu trygt og godt heime, og vere mest mogleg sjølvstendige i eige liv. Me er også i gang med å etablere vår eiga sjukepleieklinikk, der brukarar kan få tenester som sårstell, injeksjonar, oppfølging av ernæring og andre planlagde sjukepleiefaglege tenester. Arbeidsoppgåver Yte pleie og omsorg etter vedtak Ivareta sjukepleiefagleg ansvar for heimebuande brukarar Kartlegging, observasjon, vurdering og oppfølging av pasientar Samhandle med pårørande, fastlegar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar Bidra i utvikling av tenesta og fagleg kvalitetsarbeid Rettleie tilsette, studentar, elevar og lærlingar Me ser etter deg som: Har høg arbeidskapasitet og arbeider strukturert og sjølvstendig Er pålitele
Envía tu CV a STORD KOMMUNE HEIMEBASERTE TENESTER OMRÅDE SENTRUM

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de sjukepleiarar en Noruega

Ver las 14 ofertas de sjukepleiarar en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.