← BuscayCurra

Tilkallingsvikarar for sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar

Empresa sin especificar

Noruega📅 19/10/2026

Descripción

Har du lyst på ein spennande og lærerik ekstrajobb? Er du sjukepleiarstudent og ønskjer å jobbe ved sida av studia? Eller er du sjukepleiar som ønskjer å prøve noko nytt? Kanskje nevrologi er fagområdet for deg? Sengepost Nevrologi søkjer sjukepleiarstudentar og sjukepleiarar som ønskjer å vere tilkallingsvikarar hos oss. Som tilkallingsvikar kan du arbeide når vi har behov for deg, og når det passar for deg. Det kan òg bli aktuelt med ei fast helgevaktsavtale. Sengepost Nevrologi er ein spennande seksjon med fagområda generell nevrologi og hjerneslag. Her tek vi imot pasientar både til planlagde innleggingar og som augeblikkeleg hjelp. Det nevrologiske fagområdet har fylkesdekkjande funksjon, og det går føre seg mykje spanande forsking innan fleire av fagområda våre. Hos oss får du god opplæring og tett oppfølging. Du vil arbeide i team saman med erfarne sjukepleiarar og få moglegheit til å utvikle fagkunnskap og praktiske ferdigheiter i eit lærerikt og engasjert arbeidsmiljø. Vil du sjå kven vi er? Ta gjerne ein titt på Instagram-kontoen vår: @sengepostnevrologi_snr Vi ser fram til å bli kjende med deg! 😊 Arbeidsoppgåver Stell, pleie og omsorg for pasientar Samarbeid med sjukepleiarar, sjukepleiarstudentar og helsefagarbeidarar Utføre NEWS-målingar og rapportere endringar i pasienten sin tilstand Gjere observasjonar og dokumentere desse etter gjeldande rutinar Utføre arbeid på skyllerom Følgje pasientar til undersøkingar og behandling Assistere ved ulike undersøkingar og prøvetakingar Bistå pasientar i daglege aktivitetar (ADL) Vere fastvakt ved behov Kvalifikasjonar Autorisert sjukepleiar med norsk autorisasjon Sjukepleiarstudent i eit pågåande utdanningsløp Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du må ha eit ønske om å arbeide med menneske Du har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team Du er positiv, engasjert og bidreg til ei god stemning rundt deg Du er ansvarsmedviten, påliteleg og fleksibel i arbeidskvardagen D
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de tilkallingsvikarar en Noruega

Ver las 9 ofertas de tilkallingsvikarar en Noruega →

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.