Descripción
Vi har ledig stilling som barnehagelærar i 100 % fast stilling, frå snarast. Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Jettegryto barnehage. Barnehagen treng at du er strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobber målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på språk, ASK, leik, inkluderande barnehagemiljø og berekraftig utvikling. Arbeidsstad Jettegryto barnehage ligg sentralt til i Eikelandsosen. Barnehagen har 20 tilsette og 73 barn fordelt på 5 avdelingar. I 2023 flytta vi inn i eit nytt og moderne bygg, vi har innbydande lokaler, eit fantastisk uteområde og moglegheit for bemanna plantid. Barnehagen har kort veg til sjø, skog og fjell noko som innbyr til både leik og turar i nærmiljøet. Arbeidsoppgåver - Ansvar for eit godt pedagogisk tilbod til barna, og for å bidra til å legge til rette for barna si læring, utvikling og danning- Medansvar for utviklinga av barnehagen som pedagogisk verksemd- Arbeide i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, reglement og andre kommunale vedtak som har betydning for barnehagen si drift- Sjå barnehagen i ein heilskap, ha omsorg for alle barn og aktivt ta del i utviklinga av barnehagen- Foreldresamarbeid- Tverrfagleg samarbeid med eksterne instansar som fagsenter, PPT og barnevern- Bidra til å utforme og gjennomføre store og små planer for barnehagen Kvalifikasjonar Utdanning som barnehagelærar. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir.Det vil sei at du må kunne vise til både: - «godkjenning av utenlandsk høyere utdanning» - «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage»Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest. Eigenskapar Vi ser etter deg som:- har eit posi