Descripción
Me søker etter engasjerte og trygge medarbeidar til to faste nattevaktstillingar i vårt bufellesskap for vaksne med psykiske lidingar. Her bur det personar som har behov for stabilitet, omsorg og støtte i kvardagen. Som nattevakt vil du vere ein nøkkelperson i å sikre ro, tryggleik og nødvendig oppfølging på nattestid. Me har ledig to faste stillingar på ca. 65% og 28% med arbeid 3. kvar helg. Kva får du jobba med hos oss? Miljøarbeid Tilrettelegging, bidra til tryggleik, ro og meistring for bebuarane Behandling, individuelle samtalar, rettleiing Samarbeid Dokumentasjon av observasjonar og tiltak, bidra til god informasjonsflyt mellom vaktene. Me kan tilby: Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og frisk treningssenter tilbyr rabatt på treningssenter. Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor ( KORe’ Vindafjord ) Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Dei som kvalifiserar for stillingskode som miljøterapeut vil bli lønna kr. 10.000,- over KS garantilønnsregulativ. For relevant vidareutdanning gis det kompetansetillegg, f.eks. 60 studiepoeng gir kr. 20.000,- i kompetansetillegg per år i 100% stilling. Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma! Kvalifikasjonar: Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar. Kandidatar med vidareutdanning innan rus og psykiatri oppfordrast til å søka. Det er ønskeleg med releva