Descripción
Kjølvikstølen barnehage ligg midt på Ropeidhalvøya i Grendahuset sitt bygg. Me har fin uteplass kor born kan utfordre seg i ujevnt terreng. Fint miljø rundt, mykje skog og fin natur, tilgang til strand og gardar i nærmiljø. Om stillinga: Stillingsstorleik: 100% Stillingtype: Fast Stilling ledig frå: Snarast Arbeidsoppgåver: Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar. Møtedeltaking. Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt. Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga. Samarbeid med ulike instansar. Ansvar for vurdering og dokumentering. Kvalifikasjonar Utdanning som barnehagelærar/føreskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdannig med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk. Barne- og ungdomsarbeidarar og andre med relevant erfaring innen barnehage kan søkje på stillinga, men blir då tilsett som konstituert barnehagelærar. Personlege eigenskapar Me søkjer deg som er: Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg. Oppteken av å søkje kunnskap i lag med barn. Bidreg til eit positivt leike- og læringsmiljø. Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn. Tilstadeverande og fagleg interessert. I tillegg ønskjer me at du har: Eit positivt menneskesyn. Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar. Evne til å inspirera og motivera kollegane dine. Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din. Erfaring frå arbeid i barnehage. Gode norskunnskapar. Hos oss i Suldal kommune får du Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Engasjerte og dyktige kollegaer Gode pensjons- og forsikringsordningar Bedriftshelseteneste Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk Nynorsk som administrasjonsspråk Andre opplysningar: Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggje