Descripción
Om stillinga Vil du etterforske saker som betyr noko, og utvikle deg i eit av politiet sine kjernefag? Me har ledig fast stilling som etterforskar (politibetjent 3/2/1) ved seksjon for etterretning og etterforskning, med arbeidsstad i Sauda. Som etterforskar hjå oss får du ansvar for eigen saksportefølje og jobbar tett med kollegaer, politifagleg etterforskingsleiar og påtale. Du planlegg og gjennomfører etterforskingsskritt, held sakene i gang og stiller opp når dei tyngste sakene krev meir enn éin person. Kvardagen vekslar mellom straksetterforsking, avhøyr, saksarbeid og samarbeid på tvers. Etterforskarane våre tenestegjer også på forsterkingslista til patrulje kvar tredje eller fjerde helg. Difor må du ha IP4-godkjenning, eller kunne få IP4-godkjenning på nytt. Me søkjer deg som vil arbeide med etterforsking, trivst med ansvar og vil levere arbeid med høg kvalitet. Hjå oss blir du ein del av eit dyktig fagmiljø med rom for opplæring, rettleiing og fagleg utvikling. Ved Sauda Politistasjon har me eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der dei tilsette får høve til å dyrka interessene sine. Sauda Politistasjon flytta inn i nye flotte lokale hausten 2025 og har mellom anna fått eit heilt nytt treningsrom for dei tilsette. Ved å bu i Sauda, får ein gode høve til eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. https://visitsauda.no . Sauda har eit rikt fritidstilbod med mellom anna ny klatrehall, eit aktivt idrettslag, golfbane, skisenter m.m. Ved busetjing i Sauda, kjem ein inn under ordninga for sletting av studielån inntil kr. 25.000,- pr. år https://regjeringen.no . Dette ser me etter hos ein ny medarbeidar Me ser etter motiverte personar som er interesserte i å møta utfordringar knytte til kriminalitetsnedkjemping. Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane sine og handlingar i det