← BuscayCurra

Avdelingsleiar – Miljøterapitenesta i Vågå kommune

VÅGÅ KOMMUNE MILJØTERAPITENESTA

Noruega📅 18/10/2026

Descripción

Vil du vere med å leie og forme framtidas miljøterapiteneste i Vågå? I Vågå kommune søkjer vi no etter ein engasjert og fagleg sterk leiar til Miljøterapitenesta i 100 % fast stilling. Eitt team -- to avdelingsleiarar og tenesteleiar. Vi ønskjer å styrkje leiinga i tenesta, og søkjer no etter ein ny avdelingsleiar. Saman med eksisterande avdelingsleiar og tenesteleiar skal ein danne eit tett og velfungerande leiingsteam med felles fokus på drift, personalansvar og utvikling. Stillinga er organisert under tenesteleiar som har eit overordna ansvar for tenesta. Fordeling av arbeidsoppgåver vil bli gjort ut frå kompetanse, interesse og behov - og det er rom for både deg som er opptatt av struktur og dagleg drift, og deg som ønskjer å bidra i faglege utviklingsprosessar. Om Miljøterapitenesta Miljøterapitenesta i Vågå gir tenester til menneske med utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid og ønsker at brukarane skal oppleve meistring, trivsel og tryggleik i kvardagen. Fagleg kvalitet, medverknad og godt arbeidsmiljø er kjerneverdiar for oss. Vi skal vere ei utviklande teneste - både for brukarane og for dei tilsette. Arbeidsoppgåver: Drift, personalansvar og økonomioppfølging. Fagleg leiing og rettleiing. Opplæring og utvikling av rutinar og prosedyrar. Ansvar for journalsystemet (Profil) og internkontrollsystemet (Compilo). Kvalitetssikring og rapportering. Kompetanseplanlegging og fagleg utvikling i avdelinga. Sikre brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid. Møteverksemd og leiing av personalmøte. Sjå til at lover, forskrifter og interne føringar blir følgde. Lede og utvikle tenesta. Lista er ikkje uttømmande, og arbeidsoppgåvene kan bli endra og tilpassa etter behov. Vi ser etter deg som har: bachelor innan helse- og sosialfag -- t.d. vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorgrad Søkjarar med autorisasjon som helsefagarbeidar med relevant vidareutdanning vert òg oppmoda til å søkje. erfaring frå leiing og liknande arbeidsoppgåver er ein forde
Envía tu CV a VÅGÅ KOMMUNE MILJØTERAPITENESTA

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de avdelingsleiar en Noruega

Ver las 21 ofertas de avdelingsleiar en Noruega →

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.