Descripción
Kommunale bygg er rammene rundt viktige delar av kvardagen til innbyggjarane våre. No søkjer me ein trygg og utviklingsorientert leiar som vil sikra god drift, ta vare på verdiane våre og utvikla byggavdelinga vidare. Vil du leia menneske og utvikla drifta av kommunen sine bygg? Det er ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar byggdrift. Me ønskjer oss ein avdelingsleiar som tek ansvar, utviklar medarbeidarane og bidreg til at kommunen sine bygg fungerer godt, kvar dag. Du får personal- og resultatansvar for ei avdeling med brei byggfagleg kompetanse, og ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av ein omfattande og variert kommunal bygningsmasse. Stillinga kombinerer nær leiing av medarbeidarar med planlegging, økonomistyring, prioritering og langsiktig utvikling. Me ser etter deg som skaper retning og tryggleik, også når rammer, behov og arbeidsmåtar endrar seg. Du får ei sentral rolle i å utvikla effektive arbeidsprosessar, styrkja den digitale oppfølginga og sikra at ressursane vert nytta der dei gjev størst verdi for kommunen og brukarane av bygga. Arbeidsoppgåver leia, støtta og utvikla medarbeidarane i byggavdelinga, med ansvar for personal, arbeidsmiljø og resultat planleggja og organisera forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg og tekniske anlegg utarbeida prioriteringar og følgja opp budsjett, kostnader, fakturaer og økonomiske resultat utvikla systematiske og langsiktige vedlikehaldsplanar innanfor vedtekne økonomiske rammer følgja opp rammeavtalar, serviceavtalar, leverandørar og entreprenørar sikra god bruk av FDV-system, dokumentasjon, avvikshandtering og andre digitale arbeidsverktøy følgja opp krav til HMT, internkontroll, brannvern, kvalitet og beredskap bidra til energioppfølging, effektiv ressursbruk og berekraftige løysingar planleggja og gjennomføra mindre vedlikehalds-, rehabiliterings- og investeringsprosjekt samarbeida tett med brukarar av bygga, andre kommunale einingar og eksterne aktørar, og delta aktivt i leiarsamarbeidet