Descripción
Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus: 100 % fast stilling, oppstart etter avtale 70 % fast stilling, oppstart etter avtale 100 % årsvikariat, oppstart etter avtale Oppgje gjerne i søknaden kva for stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for, og om fleire av dei utlyste stillingane kan vere aktuelle. Vi tek gjerne imot søknad frå deg som blir ferdig utdanna sjukepleiar til jul 2026. Arbeidstid Stillinga inngår i tredelt turnus. Arbeid kvar tredje helg. Om avdelinga Ortopedisk sengepost har over tid jobba målretta med opplærings- og mentorprogram for å gi nytilsette ein trygg og god start. Vi set stor pris på å få nye kollegaer! Avdelinga har ei god blanding av erfarne og nyare pleiarar, noko som bidreg til at det er eit sterkt læringsmiljø og alltid ein kollega som kan hjelpe deg når du treng det. Ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus er ein spennande arbeidsplass med stor pasientvariasjon. Vi held til i moderne og funksjonelle lokale i Livabygget og har om lag 43 årsverk fordelt på sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og assistentar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, fagutvikling og pasienttryggleik står sentralt. Vi legg vekt på god opplæring, kunnskapsdeling og støtte i kvardagen, slik at både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar skal kjenne seg trygge og utvikle seg fagleg. Som sjukepleiar ved ortopedisk sengepost får du ein variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar og eit breitt spekter av ortopediske problemstillingar. Du får arbeide tett saman med ulike faggrupper og vere ein viktig del av pasientforløpet frå innlegging til utskriving. Ved sengeposten behandlar vi pasientar innan: traumatologi handkirurgi skulderkirurgi protesekirurgi – hofte, kne, skulder fotkirurgi ryggkirurgi Dette gir deg moglegheit til å byggje brei kompetanse innan ortopedisk sjukepleie i eit aktivt og lærerikt miljø. Førde - Sunnfjord kommune Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den s