Descripción
Om stillinga Vil du leie medarbeidarar som kvar dag bidreg til auka trafikktryggleik? Som kontorsjef får du ei sentral rolle i leiinga av trafikant- og førarprøveområdet på Vestlandet. Eininga har ansvar for førarprøver, trafikktryggleiksarbeid og andre publikumsretta oppgåver. Du får personal-, økonomi-, mål - og resultatansvar for medarbeidarar på seks lokasjonar. Du følgjer opp fag, kvalitet og ressursbruk, og arbeider tett med både medarbeidarar og kundar. Stillinga inngår i leiargruppa til seksjonen og inneber noko reiseverksemd. Du rapporterer til seksjonssjefen. Kontorstad er ved trafikkstasjonen i Førde, Sogndal, Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid eller Stord. Arbeidsoppgåver Vi ser etter ein leiar som skaper eit godt arbeidsmiljø og utviklar kundeorienterte tenester. Du blir motivert av samfunnsoppdraget vårt og vil bidra til nullvisjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken. Du skal: leie, følgje opp og utvikle medarbeidarane og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø planleggje og prioritere bemanning, kapasitet og oppgåver for å sikre effektive tenester med god kvalitet følgje opp HMS og medarbeidarar, og samarbeide godt med tillitsvalde og vernetenesta leie endrings- og forbetringsarbeid og fremje digitalisering, standardisering og effektiv ressursbruk bidra aktivt i leiargruppa og styrke samarbeidet på tvers av lokasjonar og fagmiljø Leiing i Statens vegvesen Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap: Sett retning – eg ser framover, varetek heilskapen og viser veg. Ver til stades – eg lytter, tek vare på medarbeiderane og motiverer til innsats. Skap saman – eg er drivkraft for samarbeid og deling. Eg gjer det trygt å utforske nye moglegheiter. Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon. Kvifor skal du velje oss? Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit