Descripción
Ved Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Idrettsvegen bufellesskap , er det frå snarast ledig 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Arbeidsstad Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personer med ulike funksjonsnedsettinger. Tenesta består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter. Idrettsvegen er eit bufellesskap som gjev tenester til 10 personar (vaksne) med ulike bistandsbehov. Avdelinga ligg lokalisert nokre få minutt i frå Osøyro. Arbeidsoppgåver Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. Hos oss skal jobben handle om livskvalitet. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar. Erfaring frå målretta miljøarbeid med personar med nedsatt funksjonsevne og utfordrande åtferd, vil bli vektlagt. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Eigenskaper «Kven er du?» Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk. Er du ein lagspelar som spreier energi i personalgruppa og tør å tenkje utanfor boksen når de vanlege løysingane ikkje strekk til ? Korfor velgje oss? Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som