Descripción
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning, Medielab, har ledig eit vikariat i 100% som seniorkonsulent / rådgjevar. Om stillinga: Den ledige stillinga er eit 6 månaders vikariat i 100% stilling som seniorkonsulent / rådgjevar innan medieproduksjon. Stillinga er knytt til Medielab, som er ein del av Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) i Fellesadministrasjonen. Medielab er høgskulen si kompetanseeining for medieproduksjon og bruk av ny teknologi i undervising, forsking og formidling. Senteret har 20 fast tilsette og har hovudkontor på campus Kronstad i Bergen ( www.hvl.no/alu/medielab/ ). Vi søkjer ein høgt motivert og kompetent medarbeidar med høg kompetanse i video- og multimedieproduksjon og formidling. Stillinga vil gi den som vert tilsett høve til å arbeide med varierte oppgåver i eit kreativt miljø. Arbeidsplass vil vere campus Bergen, men HVL er ein fleircampusinstitusjon og noko reiseverksemd må påreknast. Oppstart i stillinga er 1.1.2027. Ansvars- og arbeidsoppgåver: Kjerneoppgåver lagt til stililnga er: Bemanning og produksjon i Medielab Studio Produksjon av undervisnings-, promoterings- og rekrutteringsfilmar frå idé til ferdig produkt Produksjon av dokumentarar Podcast produsent Redigering, fargekorrigering, og å leggje til animasjonar og objekt i video og fotomateriale Lyssetting Å medverke i produksjonsteam ved streaming av konferansar og arrangement Dronefotografering og videofilming Stillfotografering Andre arbeidsoppgåver vil vere: Å bidra til å vidareutvikle medieproduksjonssida ved HVL, for tida å delta i utvikling og utprøving av trådløs medieproduksjon via NDI på tvers av campus Å vere oppdatert på nye formidlingsformar og teknologi innan medieproduksjon og bidra til avdelinga si vidareutvikling Ha interesse for å utvikle seg innan nye medieproduksjonsformat som 360 og 3D filming Halde seg oppdatert på lover og reglar om universell utforming Kvalifikasjonskrav: Formell utdanning og kompetanse: For