Descripción
I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir. Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn. Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus. Me søkjer no etter to barnehagelærarar i faste 100 % stillingar til barnehagane våre i Lærdal kommune. To barnehagar – ulike i storleik, men med mykje felles Lærdalsøyri barnehage er den største barnehagen vår, med sju avdelingar og eit stort og variert fagmiljø. Barnehagen har eit fleirkulturelt og inkluderande barnehage- og arbeidsmiljø, der leik, læring og gode relasjonar står sentralt. Her får du mange kollegaer å samarbeide, reflektere og utvikle deg fagleg saman med. Borgund barnehage er ein liten og oversiktleg to-avdelingsbarnehage, og er ein del av Oppvekst Borgund. Her er barnehage, skule og SFO samla under same tak, med tett samarbeid og gode overgangar mellom barnehage og skule. Me nyttar naturen og nærmiljøet aktivt og legg stor vekt på leik, relasjonar, fellesskap og tryggleik. I eit lite fagmiljø vert du sett, får påverke og opplever kort veg frå idé til handling. Felles for barnehagane våre er ønsket om å skape ein trygg og god barndom, og eit arbeidsmiljø der me lærer av kvarandre og utviklar praksisen vår saman. Kven søkjer me? Me søkjer primært deg som har godkje