Descripción
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna. Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Me har ledig 100 % fast stilling som arbeidsleiar drift og vedlikehald - teknisk drift. Stillinga har ei sentral rolle i den daglege drifta, og inneber leiing og oppfølging av medarbeidarane i utedrifta. Arbeidskvardagen hjå teknisk drift er variert og omfattar eit breitt spekter av oppgåver - frå drift og vedlikehald av kommunale vegar og uteområde til oppgåver knytte til kommunen sin bygningsmasse. Du vil ha ei viktig rolle i å planleggje, prioritere og følgje opp det praktiske arbeidet. Krav til utdanning og erfaring Me søkjer etter deg som har fagbrev og gjerne teknisk fagskule innan relevante fagområde. Lang og allsidig arbeidserfaring, kombinert med gode personlege eigenskapar, kan kompensera for manglande formell utdanning. Erfaring frå drift, vedlikehald, anlegg, bygg eller liknande arbeidsområde vil vera relevant. Erfaring med arbeidsleiing er ein fordel. Førarkort klasse B er nødvendig. Personlege eigenskapar Me ser etter deg som er praktisk anlagt, løysingsorientert og trivst med ein variert arbeidskvardag. Du tek ansvar, har god gjennomføringsevne og klarar å prioritera når fleire oppgåver må løysast samtidig. Du er ryddig og rettferdig i møte med med