Descripción
Vil du jobbe tett på innbyggarane og avgjerdene som formar Sykkylven kommune? Vi har ledig ei 100 % konsulentstilling i staben til kommunedirektøren. Her får du ein variert arbeidskvardag tett på innbyggarar, politiske prosessar og den daglege drifta av kommunen. Du får sjølvstendig ansvar for eigne oppgåver og ei viktig rolle i både drift og utvikling. Stillinga har eit breitt ansvarsområde, og du må trivast med å veksle mellom faste oppgåver, samarbeid og nye problemstillingar. Arbeidsplassen er på rådhuset, der du blir del av eit arbeidsmiljø med fleire fagområde og samarbeider tett med kollegaer, kommuneleiinga og politisk leiing. Arbeidsoppgåver Vi søkjer ein person som skal Planleggje, koordinere og gjennomføre administrativt arbeid knytt til politisk aktivitet, mellom anna møteinnkallingar, møteavvikling og protokollarbeid. Oppfølging og praktisk støtte til politisk og administrativ leiing. Arbeide sjølvstendig med registrering, kvalitetssikring og arkivering av dokument, og bidra til å utvikle gode rutinar og digitale arbeidsmåtar. Ha sjølvstendig ansvar for definerte oppgåver innan innbyggartenesta. Bidra til å utvikle tenesta og dei digitale løysingane, innan digitalt vertskap, sentralbord og kommunikasjon Utføre enkle og rutineprega sakshandsamingsoppgåver med noko skjønsutøving. Arbeid medfører noko kveldsaktivitet. Oppgåver kan endre seg over tid og nye oppgåver kan kome til. Det er gode muligheter for utvikling og nye ansvarsområde i stillinga. Kvalifikasjonar Du kan ha ulik bakgrunn for oppgåvene, men forvaltningskompetanse er å foretrekke. Relevant utdanning innan administrasjon, offentleg forvaltning, dokumentforvaltning eller tilsvarande, å føretrekke på høgskulenivå. Døme på bachelor kan vere : Bachelor i offentlig administrasjon og ledelse Bachelor i politikk og forvaltning Bachelor i jus / rettsvitenskap Utdanning og relevant arbeidserfaring blir vurdert i samanheng. Har du erfaring frå administrativt arbeid, sakshandsaming, dokumentforvaltning