← BuscayCurra

Postdoktor ved Det juridiske fakultet

Empresa sin especificar

Noruega📅 5/10/2026

Descripción

Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Postdoktorstilling Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til prosjektet "Noreg og europeiseringa av finansmarknadsretten: Særtrekk og integrasjon". Stillinga er for ein periode på 3 år med moglegheit for utviding inntil eit år. Tematikken er knytt til rettsområda finansmarknadsrett og EU/EØS-rett. Prosjektet er finansiert av Sparebankstiftelsen, Sparebanken Norge, Vest. Om prosjektet/arbeidsoppgåver Forskingsprosjektet skal undersøke korleis europeiseringa av finansmarknadsreguleringa påverkar norsk bankverksemd. Sentralt i prosjektet står samspelet mellom EU/EØS-retten og norske rettslege og institusjonelle særtrekk. Eit viktig mål er å byggje opp ei grunnleggande finansrettsleg forståing som gjer det mogleg å følgje og forstå den dynamiske utviklinga i finansmarknadsretten. Prosjektet tek utgangspunkt i og kartlegg særtrekka ved norsk bankselskapsrett, der sparebankane si historie og særskilde rolle står sentralt (arbeidspakke 1). Vidare skal prosjektet utforske europeiseringa av finansmarknadsretten meir generelt (arbeidspakke 2), og den komande europeiseringa av insolvensretten som eit konkret døme på denne utviklinga (arbeidspakke 3). Postdoktorprosjektet er knytt til arbeidspakke 1 som skal analysere den norske sparebankmodellen i eit nordisk og kontinental-europeisk perspektiv. Eit sentralt mål er å utvikle kunnskap om dei særlege utfordringane som europeiseringa av det rettslege rammeverket kan skape for norske forhold, og undersøke i kva grad løysingar utvikla i andre EU/EØS-land kan ha overføringsverdi til norsk rett. Analysen vil omfatte både sparebankar og forretningsbankar, og samanlikne korleis desse
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de postdoktor en Noruega

Ver las 14 ofertas de postdoktor en Noruega →

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.