← BuscayCurra

Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns oppvekst?

ÅRDAL SKULE

Noruega📅 16/10/2026

Descripción

Visjonen vår er: Årdal skule - Trygt og godt, lærerikt og kjekt! Målet vårt er: Aktive elevar som lærar gjennom praksis! Vil du vera med å realisera dette? Årdal skule er ein 1.-7. skule med om lag 70 elevar. Me ynskjer tydelege, engasjerte og motiverte vaksne som er opptekne av å samarbeide for å skape gode lærings- og oppvekstvilkår for elevane. Ansvar og arbeidsoppgåver - me søkjer etter ein miljørettleiar/fagarbeidar til arbeid i grunnskulen - nært samarbeid med andre som arbeider på skulen - oppfølging av elevar, både enkelt elevar og grupper, i og utanfor klasserommet - arbeidsoppgåver vert både i skule og i SFO Kvalifikasjonar og vilkår - 3-årig høgskuleutdanning som er relevant for arbeidet, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller annan relevant utdanning for arbeid i grunnskulen - personar utan godkjent utdanning kan også søkje - det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar Me søkjer etter ein person som - har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer - har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus - har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner - bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø - er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ - er løysingsorientert og fleksibel - kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap - har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg (minimum B2) Me tilbyr - løn etter gjeldande avtaleverk - pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale - skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid - gode kollegaer og godt arbeidsmiljø - rettleiing av nyutdanna - ulike rekrutteringstiltak , som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette Anna - Målform i Hjelmeland kommune er nynorsk Vilkår ved tilsetjing I søknadsvurderinga legg me vekt på utdanning, praksis, undervisningsbehov og personlege kvalifikasjonar, jf. opplæringslova §10-5. Me tek atterhald om tilfredsstillande politiattest, jf. opplæringslova §10-9, og godkjent eksamen. Hjelmeland
Envía tu CV a ÅRDAL SKULE

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Últimas ofertas en Noruega

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.