← BuscayCurra

Jobbspesialist

NAV SOGNDAL

Noruega📅 9/11/2026

Descripción

Er du nysgjerrig, løysingsorientert og trivst med å jobbe tett på både menneske og arbeidsmarknaden? Då kan du vere vår nye jobbspesialist. Nav Sogndal er regionkontor for Nav region Sogn og vi held til i moderne lokale på Leikanger. I Nav Sogndal er vi om lag 40 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som jobbar kvar dag for å gi heilskaplege tenester for innbyggarane i kommunen og i region Sogn. Hjå oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø, og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling. Vi har no ledig ei 100% fast stilling som jobbspesialist i tiltaket Arbeid med støtte. Stillinga inngår i eit regionalt team med arbeidsoppgåver for heile region Sogn og omfattar kommunane: Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Sogndal. Stillinga er ledig frå 01. januar 2027 og arbeidsstad er NAV Sogndal.Å vere jobbspesialist inneber tett og individuelt tilpassa oppfølging av arbeidssøkarar, og nær kontakt med arbeidsgjevarar, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartar. Du har tru på at alle kan arbeida eller ta utdanning dersom dei får rett støtte. Supported Employment (SE) er ein strukturert arbeidsmetodikk med klare krav, samtidig som den gir rom for varierte arbeidsdagar for å nå dei fastsette måla. Hovudmålet til Nav er å bidra til arbeidsinkludering og sysselsetjing.Det er forventa at 40 prosent av arbeidstida går føre seg utanfor kontoret, saman med arbeidssøkarar og/eller arbeidsgjevarar. Som jobbspesialist får du ansvar for ei gruppe på 20 arbeidssøkarar som treng støtte til å kome ut i arbeid, ofte gjennom utdanning og kompetanseheving. Kva går jobben ut på? byggje relasjonar med arbeidssøkjarane gjennom kartlegging, motivasjon og tett oppfølging tett kontakt og samarbeid med arbeidsgjevarar for å finne dei rette arbeidsplassane tett dialog med samarbeidspartnarar, legar, behandlarar og andre samarbeide med rettleiarar ved Nav-kontora i Sogn stillinga krev at du dokumenterer aktivitetar, referat og resultat Kva kompetanse er v
Envía tu CV a NAV SOGNDAL

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de jobbspesialist en Noruega

Ver las 7 ofertas de jobbspesialist en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.