Descripción
Hos oss får du kombinere det beste frå to verdenar: nær kontakt med pasientane og moglegheita til å påverke kvalitet og fagutvikling i heile organisasjonen. Vi har ledig 100 % stilling og søker engasjert sjukepleiar eller spesialsjukepleiar som ønskjer ei spanande rolle i skjeringspunktet mellom klinisk arbeid, fagutvikling og kvalitetsforbetring. Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) får du ei unik moglegheit til å arbeide på tvers av våre fem avdelingar og bidra til å vidareutvikle tenestane for våre 83 pasientar. Dette er ikkje berre ei sjukepleiarstilling, men ei sentral fagrolle der du får bruke kompetansen din til å styrke kvalitet, pasienttryggleik og kompetanseutvikling i heile organisasjonen. Er dette deg? Du er ein sjukepleiar som brenn for faget og ønskjer å gjere meir enn å dekke vakter. Du trivst med ansvar, ser verdien av gode system og ønskjer å bidra til utvikling av både tenester og medarbeidarar. Du er fagleg trygg, samarbeidar godt med andre og ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Vil du vere med på å utvikle framtidas omsorgstenester i Sykkylven? Då ønskjer vi å høyre frå deg. Om stillinga Stillinga er fordelt med: 60 % i stabsfunksjon , der du bidreg med sjukepleiefagleg støtte på tvers av avdelingane 40 % klinisk arbeid i avdeling, med direkte pasientoppfølging - denne delen er per tida på Sone 2 I stab funksjonen vil du vere ein viktig ressurs innan: - kvalitetssikring og forbetringsarbeid - undervisning og kompetanseheving - fagleg støtte og rettleiing av sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar - palliasjon og avansert sjukepleie - pasientforløp og dokumentasjon Du får ei sentral rolle i å sikre at alle pasientar ved BUAS får tilgang til sjukepleiefagleg kompetanse. Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar. Beherske dei vanlegaste IT-verktya Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). Evne til å halde seg fagleg oppdatert Ve