← BuscayCurra

Sjukepleiar

HELSE FØRDE HF FØRDE BUP

Noruega📅 28/10/2026

Descripción

Barne- og ungdomsavdelinga, poliklinikken, har ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar med oppstart snarast. Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av barn og ungdom i alderen 0–18 år innan fleire pediatriske fagområde. Vi følgjer opp pasientar med både akutte og langvarige helseutfordringar, og har eit sterkt fokus på kvalitet, pasientmedverknad og gode pasientforløp. Som sjukepleiar ved poliklinikken får du ein variert arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende, tett samarbeid med legar og andre faggrupper, og moglegheit til å bidra til vidareutvikling av fag og tenester. Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og personar med utviklingshemming). Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader. Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig eit vikariat i turnus. Vi ber søkjarane opplyse i søknaden om dei også ønskjer å bli vurderte for eit eventuelt vikariat. Arbeidsoppgåver Variert og sjølvstendig arbeid knytt til drift av barnepoliklinikken, med moglegheit for fagleg utvikling og fordjuping. Utføre sjølvstendige sjukepleiefaglege oppgåver og undersøkingar innan fleire pediatriske fagområde. Dette omfattar mellom anna ulike diagnostiske testar, prøvetaking, målingar, opplæring og behandling. Gi opplæring, rettleiing og undervisning til barn, ungdom og føresette knytt til sjukdom, behandling, medisinsk teknisk utstyr og medikamenthandtering. Ta imot og klargjere pasientar før konsultasjonar og undersøkingar. Dette omfattar mellom anna måling av vitale parameter, vekt og lengde, EKG og førebuing til ulike undersøkingar og behandlingar. Delta i vidareutvikling av sjukepleiarrolla ved poliklinikken. Avdelinga arbeider aktivt med oppgåvegliding, og sjukepleiarar har eigne konsultasjonar innan utvalde fagområde. Bidra i koordinering og planlegging av pasientforløp, inkludert operasjonsplanlegging og førebuing til undersøkingar og behandlinga
Envía tu CV a HELSE FØRDE HF FØRDE BUP

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de sjukepleiar en Noruega

Ver las 117 ofertas de sjukepleiar en Noruega →

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.