Descripción
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for Informasjonsteknologi -og tenester har ledig stilling som avdelingsleiar. Vi søkjer etter ein engasjert avdelingsleiar med stor motivasjon for å vidareutvikle avdelinga og ta ei sentral rolle i HVL sitt arbeid med digitalisering og KI. Avdelinga er i dag på vel 50 fast tilsette og 14 lærlingar. Avdelinga er i noko vekst. Avdelingsleiar er leiarstilling på nivå 3, i linja til Organisasjonsdirektør. Avdelingsleiar vil vere næraste overordna til fire einingsleiarar på nivå 4, som har personalansvar for tilsette og fagansvar for tenesteområda lagt til deira einingar. Dei fire einingane i avdelinga har slik arbeidsdeling: IT Brukarretta tenester IT System og infrastruktur: IT Informasjonsforvaltning og -sikkerheit IT Digital tenesteutvikling Avdelinga er det sentrale faglege miljøet for utvikling og drift av digitale tenester og digital infrastruktur i HVL. Avdelingsleiar vil ha eit heilskapleg ansvar for tenesteområda lagt til avdelinga, og utviklinga av avdelinga. Desse tenestene skal støtte, og i visse tilfelle vere tett integrerte i forsking, undervisning og innovasjon. Det inneber at avdelingsleiar har ansvar for medarbeidar- og tenesteutvikling, budsjett, og arbeidsmiljø og HMS i avdelinga. Avdelingsleiar skal også ivareta ekstern kontakt med nasjonale tenesteleverandørar, samarbeidspartnarar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Avdelingsleiar har ei sentral rolle i arbeidet med å realisere HVL sin ambisjon om klok digitalisering. Det vil seie å sikre moderne, trygge og effektive digitale tenester for heile samfunnsoppdraget vårt, i ei tid med betydeleg uvisse knytt til teknologival. Avdelingsleiar skal ta initiativ til, delta i eller rådgje om institusjonelle investeringar i digitalisering og kunstig intelligens. Avdelingsleiar skal samarbeide med andre einingar i HVL om bruk av faglege ressursar i digitaliseringsprosessar, og arbeide tett med prorektor for regional utvikling og nyskaping som har det strategiske ansvaret fo