Descripción
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane: ReHabiliteringsk linikken , Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering, Post 1, Post 2 Nevroklinikken, Nevrokirurgisk avdeling Medisinsk klinikk, Seksjon for geriatri Kirurgisk serviceklinikk , Dagkirurgisk seksjon Mottaksklinikken , Akuttmottak, Utgreiingsmottak 1, Utgreiingsmottak 2, Korttidsposten Laboratorieklinikken, Seksjon for blodgiving Hudavdelinga Barne- og ungdomsklinikken Klinikk for hovud/hals, Avdeling Hovud-Hals og Auge Kirurgisk klinikk Bemanningssenteret Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Arbeidsoppgåver Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/ Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425. Nevrokirugisk avdeling søker sjukepleiar som trivst med eit høgt arbeidstempo, med god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar. Vi greier ut og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvik