Descripción
Vil du ha fagleg breidde, tett samarbeid og ansvar – utan å forsvinne i mengda på eit stort sjukehus? Ved Voss sjukehus får du vere sjukepleiar i ordets rette forstand: tett på pasienten, tett på kollegaene og tett på avgjerdene.No søkjer me sjukepleiarar i faste heiltidsstillingar frå sommaren 2027 til: Medisinsk sengepost Kirurgisk/ortopedisk sengepost Traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar 👉 Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer, i prioritert rekkjefølgje. Kvifor velje Voss sjukehus? Lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde og gynekologi Høg aktivitet og variert pasientgrunnlag Tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus Kort veg frå idè til handling Natur, friluftsliv og kulturliv rett utanfor døra Arbeidsoppgåver Medisinsk sengepost Heildøgnspost med pasientar innan mellom anna hjarte, lunge, nyre, mage/tarm, slag, infeksjon, diabetes og kreft.🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg. Kirurgisk/ortopedisk sengepost Heildøgnspost innan gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi.Elektiv drift kombinert med øyeblikkeleg hjelp, samt kompetanse innan palliasjon og kreftomsorg.🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg. Traineesjukepleiar – for nyutdanna Oppstart juni 2027 100 % fast stilling frå dag éin 2-årig strukturert løp 3 periodar ved ulike einingar (m.a. medisinsk og kirurgisk sengepost) Felles opplæring, fagdagar og gruppebasert rettleiing Dette er eit sterkt springbrett vidare i sjukepleiarkarriera. 📌 For trainee: legg ved karakterutskrift og 2 referansar. 📞 Spørsmål om traineeprogrammet? Ta kontakt med Mari Pedersen, tlf. 938 78 352. Kvalifikasjonar Du: har norsk autorisasjon som sjukepleiar kommuniserer godt på norsk, munnleg og skriftleg Nyutdanna? Erfaren? Begge delar er velkomne! Personlege eigenskapar Du: er fagleg nysgjerrig og tek ansvar trivst med teamarbeid, men jobbar òg sjølvstendig møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati Me tilbyr Fast heiltidsstilling Ste