Descripción
Vil du vere med og gjere ein forskjell for menneske med rusavhengigheit? Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar til vårt LAR-team i Kristiansund. Poliklinikk TSB Molde er ein del av Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal HF. Vi tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar, inkludert individuell behandling, gruppebehandling, dagbehandling og Legemiddelassistert rehabilitering (LAR). For å styrkje tilbodet på Nordmøre har vi etablert eit eige LAR-team i Kristiansund. Teamet er organisatorisk knytt til Poliklinikk TSB Molde, men arbeidsstaden er i Kristiansund. Bur du mellom Kristiansund og Molde, er det moglegheit for å jobbe begge stadar. Hos oss får du ein fagleg spennande og meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til å gi pasientar med rusavhengigheit eit trygt og heilskapleg behandlingstilbod. Vi ønske deg velkomen som søkjar på stillinga! Arbeidsoppgåver Oppfølging og behandling av pasientar i LAR Behandlingsansvar for eigne pasientforløp Medikamenthandtering og oppfølging av legemiddelbehandling Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar Bidra til vidare utvikling av behandlingstilbodet Dokumentasjon og journalføring i samsvar med gjeldande krav Kvalifikasjonar Bachelor i sjukepleie /vernepleie Ønskeleg med relevant vidareutdanning innan psykisk helse eller rusbehandling, men oppmoder også deg uten vidareutdanning til å søke Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid Må meistre norsk skriftleg og munnleg Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Du er fleksibel og løysingsorientert Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø Du er nytenkande, ansvarsbevisst og endringsorientert Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Ein inkluderand