Descripción
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane: ReHabiliteringsk linikken , Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering, Post 1, Post 2 Nevroklinikken, Nevrologisk akuttpost Mottaksklinikken , Akuttmottak Klinikk for hovud/hals, Avdeling Hovud-Hals og Auge Kirurgisk klinikk Lungeavdelinga Yrkesmedisinsk avdeling Kvinneklinikken Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Arbeidsoppgåver Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/ Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425. Nevrokirugisk akuttpost er ein stor sengepost med 30 senger. Vi behandlar pasientar med sjukdom i nervesystemet. Våre vanlegaste diagnosar er hjerneslag, epilepsi, parkinson, prolaps, hjernesvulst og diverse betennelsestilstandar i nervesystemet. Vi tar imot over 90% akutthjelp, og jobbar tverrfagleg for å kunne gi eit best mogleg tilbod til pasientane våre. Hos oss får du spennande, imteressante, utfordrande og lærerike dagar. Kontakt: Laila Kvalvåg 55975041/55975030. Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. Vi tar imot pasientar som treng behand