← BuscayCurra

 Sjukepleiar/vernepleiar- Nattstilling

HARAM KOMMUNE ADMINISTRASJON

Noruega📅 7/10/2026

Descripción

Butenesta i Haram har for tida ledig 56,28% stilling på natt som sjukepleiar/vernepleiar i barnebustad og avlastning. Stillinga er ledig frå 1. november 2026, eller etter avtale. Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne. Turnus for stillinga er for tida natt, med arbeid kvar 3. helg. Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Arbeidsoppgåver Målretta miljøarbeid. Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje. Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette. Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar. Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk. Fagutvikling, sjukepleiar/vernepleiar vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga. Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov. Rettl
Envía tu CV a HARAM KOMMUNE ADMINISTRASJON

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de sjukepleiar en Noruega

Ver las 117 ofertas de sjukepleiar en Noruega →

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.