Descripción
Vil du vere med på laget vårt?Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig 80% stilling som sjukepleiar, med arbeid kvar 3.helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar. Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi arbeidar for fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktiviteter. I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar verte ledig. Arbeidsoppgåver Ulike faglege prosedyrar Miljøterapeutiske oppgåver rundt enkeltpasientar Arbeide etter behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar Dokumentasjon i Helseplattformen Praktiske oppgåver i seksjonen Bruke "Kompetanseportalen" aktivt for å vedlikehalde kompetanse Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg Må ha gode datakunnskapar Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Du er sjølvstendig, men også god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre Du er ein god bidragsytar arbeidsmiljø Du kommuniserar godt både internt og eksternt Du taklar raske omstillingar Du evnar å sette deg inn i nye, digitale løysingar Du har god arbeidshelse og trivast med å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og las