Descripción
Vil du gjera ein forskjell? Ønskjer du ein meiningsfull arbeidskvardag der du får nytta den sjukepleiefaglege kompetansen din til å gjera ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar og ROP-lidingar? Svertingstad og Kolheia bufellesskap er ein del av verksemda Psykisk helse og rus i Time kommune. Bufellesskapa er organiserte som ei avdeling, med eit felles fagmiljø som samarbeider tett for å gje gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane. Svertingstad bufellesskap er døgnbemanna gir tenester til vaksne innbyggjarar med samansette behov har fokus på auka meistring, sjølvstende og livskvalitet arbeider med individuelt tilpassa oppfølging, relasjonsarbeid og målretta miljøterapeutisk arbeid Kolheia bufellesskap gir tenester til vaksne innbyggjarar med psykiske lidingar er ikkje døgnbemanna Hos oss blir du ein del av eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø med sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar og fagarbeidarar som brenn for å gjera ein positiv forskjell i kvardagen til dei me følgjer opp. Me legg vekt på: fagleg kvalitet respekt og gode relasjonar samarbeid og tverrfagleg arbeid fagleg utvikling engasjement og ansvar Me søkjer no etter sjukepleiarar til to stillingar: ein sjukepleiar i 67 % fast stilling på natt ved Svertingstad bufellesskap, våkne nattevakter med arbeid kvar 3 helg eit 100 % vikariat for sjukepleiar, frå 25.01.2027 til 23.01.2028. Ordinær turnus med dag-, kveld- og langvakter. Arbeid kvar fjerde helg med langvakter Bli ein del av laget vårt Hos oss får du høve til å bli ein del av eit sterkt fagmiljø og vera med på å vidareutvikla tenestene til menneske med psykiske helse- og rusutfordringar.Kvar arbeidsdag gir deg høve til å gjera ein reell forskjell i andre menneske sine liv. Me håpar du vil bli ein del av laget vårt! Arbeidsoppgåver Som sjukepleiar hos oss vil du ha varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver. Du vil mellom anna: ha sjukepleiefagleg oppfølging av innbyggjarar med psykiske helseutfordringar og/eller