Descripción
Om stillinga Vil du ha ein jobb som er alt anna enn kjedeleg? Me søker no etter nye heilårsvikarar og sommarvikarar for sommaren 2027. Agder fengsel, Evje ungdomseining (ungdomsenhet sørvest) er blitt Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige med plass inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga har tre soner med høg sikkerheit, der det er muleg å differensiere sikkerheita og tilbudet til ungdomane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet me skal gje, skal vere i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar, og retningslinjene gjeve etter straffegjennomføringslovens §10a. Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn - høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn - høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje ungdomseining (11 plassar for mindreårige 15-17 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Ca 75 av desse på Evje. Me har etablert eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og rehabilitering. Me søker no etter trygge kollegaer, som kan skape tryggleik for andre, også i krevjande situasjonar. På Evje ungdomseining jobbar det mange ulike fag- og yrkesgrupper. Basisbemanninga vår består av fengselsbetjentar og miljøterapeutar, som jobbar sivilt og tett på den enkelte ungdom, der ein jobbar ut i frå grunnpillarane i traumebevisst omsorg (tryggleik, relasjon og regulering). Både faste tilsette og vikarar jobbar saman i vaktlag, med krav til godkjente modular i fysisk maktanvendelse (FM). Nytilsette vikarar må bestå obligatorisk opplæring i FM i februar eller april 2027. Vikarane hos oss må vere fleksible og kunne jobbe både dagvakter, kveldsvakter, nattevakter og helgevakter (12t). Høyres dette noko ut for deg? Send oss i så fall ein søknad, der du også oppgjev følgjande: 1. Søker du på stilling som vikar heile året eller søker du kun for vikarstilling sommaren 2027 (veke 25-32)? 2. Kor mykje ser