← BuscayCurra

Avdelingsleiar yrkesfag

Empresa sin especificar

Noruega📅 2/10/2026

Descripción

Vil du vere med og forme framtida og utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring? Voss vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar. Avdelingsleiar deltar i rektor si leiargruppe og har pedagogisk, personal- og økonomiansvar for avdelinga. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar skal fullføre, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra. Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 450 elevar og om lag 130 tilsette fordelt på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt opplæring. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har mange ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda vi tilbyr. Ved Voss vgs har vi fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv. Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår. Arbeidsoppgåver Avdelingsleiar har personalansvar og økonomi- og budsjettansvar for avdelinga sørgjer for god fagleg-pedagogisk utvikling og god kvalitet på undervisninga på avdelinga ivaretar samarbeid med arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar utviklar avdelinga i samsvar med mål og visjon for skulen deltar i utviklinga av skulen og profesjonsfellesskapet saman med leiargruppa Kvalifikasjonar Du har undervisningskompetanse i fag for vidaregåande skule god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring god skriftleg og munnleg framstillingsevne og god digital kompetanse erfaring med administrative program innanfor t.d. skuleårsplanlegging og økonomistyring Det er ønskjeleg at du har skuleleiarutdanning og/eller -erfaring Personlege eigenskapar Me søkjer ein leiar som er open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit set elevane si læring og deira utvikling i sentrum
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de avdelingsleiar en Noruega

Ver las 21 ofertas de avdelingsleiar en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.