Descripción
Vil du vere med å utvikle framtidas tenester til heimebuande? Send oss ein søknad. Me ser fram til å høyra frå deg! Dette er ei kombinert stilling i Sjukepleie- og meistringsteamet i Aktivitet og re/habilitering i Heimerehabiliteringsteam. Det er ledig fast 100 % stilling for autorisert sjukepleiar eller helsefagarbeidar. Stillinga er delt mellom 40 % i Sjukepleie- og meistringsteamet med turnusarbeid kvar 3. helg, og 60 % i Heimerehabiliteringsteam med arbeid dagtid. Stillinga gir deg ein spennande og variert arbeidskvardag med moglegheit til å følgje brukarar gjennom ulike fasar av helsetenestene. Dette er stillinga for deg som ønskjer fagleg utvikling, tverrfagleg samarbeid og å bidra til at innbyggjarane kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg. Sjukepleie- og meistringsteamet består av sjukepleiarar som har eit særleg ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver til heimebuande brukarar. Teamet arbeider målretta med kartlegging, avansert sjukepleie, observasjon, behandling, rettleiing av kollega, koordinering og meistring. Heimerehabilitering er eit tverrfagleg tilbod til personar som har opplevd eit brått eller gradvis funksjonsfall som har behov for oppfølging etter sjukdom eller skade. Teamet arbeider målretta og tidsavgrensa for å styrkje brukarane si eiga meistring og sjølvstende i kvardagen. I teamet samarbeider sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar tett med brukaren. Treninga tek utgangspunkt i brukaren sine eigne mål og det som er viktig i kvardagen. Målet er å styrkje funksjon, meistring og moglegheita til å vere aktiv og sjølvstendig i eigen kvardag. Me er ein organisasjon i utvikling og har samla sjukepleiarkompetansen i eit eige fagmiljø der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står sentralt. Teamet er også involvert i utvikling av sjukepleieklinikk og nye arbeidsmåtar innan framtidas heimebaserte tenester. Kvifor velje oss? Hos oss får du: Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø Tett samarbeid med dyktige kollegaer frå fle