Descripción
Fast jobb, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt! Likar du at dagane flyg av garde fordi du alltid har noko viktig å bidra med? Hos oss er ingen dagar heilt like. Nokre dagar er det fullt trøkk og høgt tempo, medan andre gir tid til gode faglege refleksjonar og ein prat med kjekke kollegaer. Vi tilbyr òg langvakter, og du får vere med og påverke din eigen turnus. Kanskje er dette arbeidsplassen for deg? Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar. Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra. 👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget! Kva går jobben ut på? Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar. Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane. Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar. Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga. Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta. Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Må ha gode IKT-kunnskapar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om råd har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt Vi legg vekt på personleg eignaheit. Kvifor skal du velje oss? Jo, fordi vi har: Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring. Tryg