← BuscayCurra

Tilkallingsvikarar i Bu- og aktivitetstenesta

SURNADAL KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Noruega📅 16/9/2026

Descripción

Vi har behov for vikarar som kan arbeide som ekstrahjelper på tilkalling ("ringevikarar"). Behovet kan vere størst på helg, men vi kan og ha noko behov i vekedagane. Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet. Du kan vere tilkallingsvikar som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller assistent og arbeidet passar t.d. godt for deg som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning, eller kanskje har lyst til å prøve ut arbeidet før du vel ei utdanning i eit helse- og omsorgsyrke. Ut frå brukarbehova har vi behov for menn ved nokre tilbod og kvinner i andre. Det er ein fordel å ha førarkort kl.B. Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid. Hos oss får du: opplæring og veiledning kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn gode pensjons- og forsikringsordningar studentavlønning jf. reglane i personalplanen trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om helsehjelp, praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Vi gjev også tilbod om avlasting i avlastingsbustad for familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Vi har ulike formar for aktivitetstilbod og arbeid til brukergruppa ved Sommerrotunet aktivitetshus. Mange som mottek tenester fra oss har behov for tilsyn og bistand hele døgnet. Boligane er litt spredd i sentrum og vi har også tenester i boligar som ikkje er tilknytt fellesbustadane. Når det kjem til fellesbustadane så bur nokre i leilegheiter de eig sjølv, medan andre leier kommunale bolig i borettslaget.
Envía tu CV a SURNADAL KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de tilkallingsvikarar en Noruega

Ver las 9 ofertas de tilkallingsvikarar en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.